PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Datakurs for pensjonistar.

Luster pensjonistlag, Luster Frivilligsentral og Hyl ut samarbeider om datakurs for pensjonistar.

Sjå kursinvitasjon her:

file:///C:/Users/Luster%20Frivill/Documents/00-LUSTER%20FRIVILLIGSENTRAL/00-LFS-AKTIVITETER/8-SENIORER%20%20ELDRE/SENIOR-DATA/Seniordata%202017/Datakurs%20plakat.pdf

Oppstart seniortreff for deg som bur heime.

Eit samarbeid mellom Luster kommune, Luster Frivilligsentral og andre organisasjonar.

Seniortreffet vil vere annakvar onsdag frå kl. 10.00-14.30 på aktivitetsstova ved Gaupne omsorgssenter.

1.gong vil vere onsdag 13.september.

Det blir organisert transport tur/retur.

Eigenandel på kr. 100,- pr. gong.

Sjå invitasjon: file:///C:/Users/Luster%20Frivill/Documents/00-LUSTER%20FRIVILLIGSENTRAL/00-LFS-AKTIVITETER/8-SENIORER%20%20ELDRE/Dagtilbod%20for%20eldre/Plakat%20seniortreff%20(4).pdf

Leksehjelp for deg som går i vidaregåande skule.

Oppstart måndag 28.august kl. 17 - 19 på Grandmo Lagshus.

Sjå nærare informasjon her: http://www.luster.kommune.no/leksehjelp-oppstart-maandag-28-august.6021819-157426.html

Velkomen skal du vere!

 

 

Heimesida til Luster Frivilligsentral.

På vår heimeside blir det sporadisk lagt inn nyheiter. Ynskjer du å sjå daglege nyheitsoppdateringar gå inn på vår facebookside: https://www.facebook.com/Luster-Frivilligsentral-139086049894955/?ref=bookmarks.

Stand på Lustramarknaden 10.juni.

Luster Frivilligsentral på stand på Lustramarknaden laurdag 10.juni. Her fekk me vist oss fram med ny utstyrssentral og vist syklane som står ute på kvart enkelt omsorgssenter. Mange sykkelpilotar er godkjende og klare for oppdrag!

I tillegg fekk me informert om tilbodet "Luster Eineståande familiar". Eit tilbod til deg som ofte er åleine med ungane. Trykk på linken for å lese meir: www.enestaaendefamilier.no.

 

 

Luster utstyrssentral

Luster Frivilligsentral har i den seinare tid arbeida med å få på plass ein utstyrssentral i kommunen.

Mange kommunar og organisasjonar har utlånsordningar av utstyr til enkeltpersonar, skular og barnehagar. På ein utstyrssentral kan ein låne/leige billig utstyr til frilufts- eller sportsaktivitetar. Dette tilbodet vil ein også no finne i Luster!

Utstyrssentralen i Luster er ein open sentral der alle har moglegheit for å leige utstyr til ein billeg penge. Leigeinntektene vil gå til å drifte og kjøpe inn nytt utstyr til utstyrssentralen.

Ved utstyrssentralen er det pr. i dag grunnleggande turutstyr som tursekkar av ulik storleik, liggjeunderlag, stormkjøkken, fiskeutstyr, gåstavar.

Gradvis vil utstyrssentralen bli utvida med ulikt sportsutstyr knytta opp til vinteraktivitet.

For å få dette til er Luster Frivilligsentral avhengig av å få tildelt prosjektmidlar knytta opp til kjøp av utstyr eller å få donert gåver frå næringsliv, lag og organisasjonar eller enkeltpersonar.

Er dette noko du eller din organisasjon kunne tenke deg å støtte, ta gjerne kontakt med dagleg leiar på Luster Frivilligsentral, Anita Kjørlaug.

Utstyrssentralen finn du ved Luster Frivilligsentral i Grandmo Lagshus v/Idrettshallen i Gaupne.

Ynskjer du å sjekke ut kva utstyr som er til utlån kan du besøke linken på heimesida til Luster kommune: http://luster.custompublish.com/utstyr-for-utleige.6004756-394422.html 

Lån av utstyr må skje i åpningstida 08.00-15.30, og må avtalast på tlf: 456 65 954 eller e.post: post@luster.frivilligsentral.no.

 

 

Dagtilbod for eldre heimebuande.

Torsdag 30.mars var det siste samankomsten ved Grandmo Lagshus. Berit Heltne viste mange fine bilete frå Engjadalen og Indre Hafslo spelemannslag spelte flott musikk. Det vart servert nydeleg koldtbord levert av kjøkkenet v/Gaupne omsorgssenter. Me satsar på å starte opp att til hausten!

Oppstart leksehjelp for elevar i vidaregåande skule.

Juleferien er over og me startar opp att med leksehjelp måndag 9.januar kl. 17.00 - 19.00.

Oppstart dagtilbod for eldre.

Dagtilbodet for eldre heimebuande over 67 år startar opp att torsdag 12.januar kl. 10.00.

Påmelding tlf. 456 65 954 før kl. 14.00 onsdag 11.januar.

Vel møtt på Grandmo lagshus!

 

Luster Frivilligsentral ynskjer alle samarbeidspartnarar, frivillige og brukarar av sentralen ei fin julehøgtid og eit spennande og aktivt 2017.

Tysdag 13.desember var det juletreff for frivillige ved Luster frivilligsentral.

Ordførar Ivar Kvalen var tilstades og takka alle dei frivillige for det viktige arbeidet dei gjer.

Styreleiar Jostein Melheim og dagleg leiar Anita Kjørlaug takka alle frivillige for god hjelp og oppmuntra alle til å snakke varmt om frivillig arbeid og kanskje oppmuntre andre til å ta del i dette viktige og ikkje minst meiningsfulle arbeidet.

 

Torsdag 8.desember er det dagtilbod for eldre heimebuande over 67 år på Grandmo Lagshus. Ope frå kl. 10.00-15.00. Underhaldning og servering av graut m/spekemat. Det blir sjølvsagt mandel i grauten sidan det er siste samling før jul. Oppstart etter jul blir torsdag 12.januar 2017 kl. 10.00. Eigenandel på kr. 50,- pr. pers.