PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli frivillig

Kven kan vere frivillig?

  • Du som vil bruke litt av fritida di til å hjelpe andre.
  • Du som er pensjonist og ikkje har nok å fylle dagane med.
  • Du som er ung og vil auke din realkompetanse gjennom engasjement i lokale aktivitetar og kontakt med andre menneske.
  • Du som er mellombels ute av arbeidslivet eller er arbeidssøkjar og ynskjer å gjere noko positivt i ein vanskeleg periode i livet.
  • Du som ynskjer å vere eit medmenneske og har syn for kor viktig den frivillige innsatsen er i lokalsamfunnet. 
  • Du som trur at du sjølv vil ha nytte og glede av å delta som frivillig i ein aktivitet som passar for deg.
  • Du som har lyst til bruke din faglege bakgrunn og røyndom i organisering og gjennomføring av aktivitetar og prosjekt her i Luster.

Under "AKTIVITETAR" finn du informasjon om aktivitetar og tiltak der det er rom for frivillig innsats av ymse slag. Under kvar aktivitet finn du informasjon om sjølve aktiviteten og om kva oppgåver dei frivillige driv med.

Me organiserer også hjelp til folk som treng ei "granneteneste" i kvardagen. Eksempler på oppgåver kan vere: turven, besøksven, butikkven, reservebesteforeldre og mykje, mykje meir. 

Praktiske oppgåver kan vere litt snømåking, hagestell, ta ut bossdunkar, handling eller liknande. Dette skjer i samarbeid med ungdomsskuleelevar ved Luster ungdomsskule som har valfaget "Innsats for andre" Har du lyst til å halde eit hobby-kurs, eller kan hende starte ei sjølvhjelpsgruppe? Rådgjevarteneste kan òg vere aktuelt. 

Her er det mest inga grense for positiv kreativitet og tiltakslyst! Mange treng ein puff for å komme seg ut og engasjere seg. Veit du om nokon å invitere med i ei felles oppgåve?

Kva vert venta av deg?

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med bestemmer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – tykkjer du dette er gjevande, held du fram slik det høver best for deg. I mange av aktivitetane våre kan ein vere både deltakar og frivillig, som oftast saman med andre. I somme høve er det krav til at frivillige skriv under på ei erklæring om teieplikt.

Frivilligsentralane kan ikkje formidle løna oppdrag. Løna er gleda over å få delta i positive tiltak til gagn for andre. 

Vil du melde deg som frivillig, eller kan hende du vil vite litt meir?
Kontakt oss anten på telefon eller e-post! Kom gjerne innom til en uforpliktande samtale.

Eg ynskjer å starte noko nytt

Går du med ein tanke om å starte noko nytt eller du ser eit behov for at noko vert gjort? Me kan hjelpe med å få nye tiltak på plass, ofte i samarbeid med andre lag og organisasjonar. Dersom liknande tiltak allereie eksisterer, kan me vidareformidle dine tankar og ynskje til andre.