PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Faste aktivitetar

Damegruppe-internasjonalt fellesskap:

Kvar måndag og tysdag mellom kl. 10.00-12.30 på Grandmo Lagshus. Målsetjing er å fremme utvikling og sjølvstende hjå kvinner i flyktninggruppa som har eit vanskeleg utgangspunkt. Det blir lagt vekt på praktisk språktrening og bruk av språket.

Leksehjelp for elevar i vidaregåande skule:

Kvar måndag frå kl. 17.00-19.00 på Grandmo Lagshus. Frivillige hjelper elevane med lekser, framføringar og anna. Har også fokus på å snakke norsk og vere sosiale saman.

Dagtilbod for eldre heimebuande over 67 år:

Kvar torsdag frå kl. 10.00-14.30 på Grandmo Lagshus. Startar med kaffi og noko å bite i. Etterkvart underholdning av ymse slag. Servering av middag og ettermiddagskaffi. Mykje tid til å prate og vere sosial! Eigenandel på kr. 50,- pr. pers. Påmelding dagen før, onsdag, innan kl. 14.00. Tilbod om gratis henting/bringing. Tilbodet har no teke sommarferie.

Me'n'u - aktivitetstilbod for ungdom i alderen 13-17 år:

Styringsgruppa består av ungdomar og dagleg leiar ved Luster Frivilligsentral. Frå 1.januar.17 vart det endringar i gjennomføring av aktivitetar. Det blir no gjennomført større arrangement ulike plassar i kommunen som t.d. open hall, ope skitrekk på Heggmyrane, dansearrangement på ungdomshuset i Gaupne, Fjordstova i Skjolden osv.

Gjenbrukssentral og bruktbutikk:

Tilbodet starta opp i februar.17 og er eit samarbeid med Luster ungdomsskule og elevar ved valfaget "Innsats for andre". Også andre frivillige er med og hjelper til i butikken når den er open.