PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Velkomen til FRIVILLIGSENTRALEN!

Velkomen til LUSTER Frivilligsentral!

  • Vil du bruke litt av tida di saman med andre?

  • Vil du treffe nye menneske?

  • Vil du vere med å setje dine og andre sine idéar ut i livet?

Frivilligsentralane i Noreg har ei rekkje roller og funksjonar. Ei sentral oppgåve er å skape møteplassar som formidler kontakt mellom menneske i lokalmiljøet - nokre treng hjelp og andre ynskjer å hjelpe.

Frivilligsentralen er ein samarbeidsarena der gleda over å bruke deg sjølv til glede og nytte for andre er den betalinga du får. 

Me har mange ulike oppgåver å by på til alle som har lyst til å engasjere seg! Frivilligsentralen skal vere ein støttespelar for andre lag og organisasjonar. Me samarbeider med både frivillige organisasjonar og kommunale etatar. Ta kontakt om det du kan tenkje deg å gjere - eller for å drøfte dine idèar til nye aktvitetar og prosjekt!

Det er berre fantasien som set grenser for kva som kan utrettast FRIVILLIG!

  • Telefon: 45 66 59 54   

  • E-post: post@luster.frivilligsentral.no  

  • Postadresse: Postboks 26, 6866 GAUPNE

  • Besøksadresse: Grandmo 36 (ved sida av idrettshallen i Gaupne)

  • Opningstider: måndag kl. 12.00-19.30 og tysdag-fredag kl. 08.00-15.30

 

Kven står bak Luster Frivilligsentral?

Luster Frivilligsentral er organisert som ei ikkje-kommersiell, sjølveigande foreining, og er registrert som ei slik foreining i Brønnøysundregistra.

Det er difor medlemene i foreininga som har ansvaret for drifta av frivilligsentralen gjennom foreininga sitt årsmøte og styre. 
I tillegg er Representantskapet eit viktig samarbeidsorgan for oss. Meir om organiseringa av sentralen finn du under overskrifta "Organisering". 
Medlemer i foreininga er:
Lokallaget Luster NFU                  
Luster LH
Luster kommune
Luster Revmatikarforening
Koret LaJoMa
IOGT i Norge