PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ynskjer du frivillig hjelp?

Generelt

Dei mange frivilligsentralane i Noreg har ulik historie og svært ulikt innhald. Kva aktivitetar dei har og kva slag frivillig innsats dei formidlar kan difor variere sterkt. Luster Frivilligsentral har lagt vekt på organisering av aktivitetar for ulike målgrupper.

På tittelsida "Faste aktivitetar" finn du linkar til informasjon om det faste tilbodet vårt. Er du på jakt etter andre typar tenester og aktivitetar, kan du berre ta kontakt med oss så skal me sjå om det er råd å få starta noko nytt. 

Ein-til-ein tenester

Me formidler òg sokalla ein-til-ein tenester. Så langt råd finn me fram til frivillige som kan ta på seg ei konkret rolle for folk som treng ei hjelpande hand. Det kan til dømes gjelde det som står i lista nedanfor, men du er sjølvsagt velkomen til å kontakte oss om heilt andre oppgåver.

Dei frivillige er sambygdingar i ulik alder  og med ulike interesser, hobbyar og yrkesbakgrunn. Frivilligsentralen skal syte for at dei frivillige får dekt direkte kostnader t.d. køyregodtgjersle. Den som mottek frivillige tenester kan gjere avtale med Frivilligsentralen om korleis slike utgifter skal handsamast. Dei frivillige har ikkje lov til å be om eller ta i mot betaling for den innsatsen dei gjer. 

Frivilligsentralane har sidan tidleg på 90-talet formidla slike tenester og dette har fungert godt. Ver ikkje redd for å be om ei teneste. Sjukdom, alder og andre årsakar kan gjere det naudsynt å be om hjelp til ymse kvardagsoppgåver. Og det treng ikkje vere praktiske oppgåver. Mykje, mykje meir kunne reknast opp. 

  • Tur- eller trimven
  • Fylgje til kino/teater, kyrkje og bedehus eller liknande
  • Besøksven
  • Reserve-besteforeldre
  • Praktiske oppgåver som til dømes lett hagestell, handlehjelp,vedbering, hjelp med bosdunkane osb.
  • Og mykje meir

Sjå elles om du finn nyttig informasjon under våre faste aktivitetar.

Lista ovanfor er ikkje meint som eit konkret tilbod om å yte desse tenestene. Det er heller slik at dette er tenester som me ynskjer å formidle så sant me har frivillige som kan stille opp. Ver ikkje redd for å spørje om det du har behov for. Den eine dagen kan me gje hjelp - den neste treng me kan hende hjelp sjølv. Slik er livet. Mange ser det difor som normalt å vere ein god granne og eit medmenneske med omtanke og vilje til å yte ein innsats i bygda si. 

Garanti

Me kan  IKKJE garantere at alle får den hjelpa dei ber om. Men me garanterer at me gjer det me kan for å finne frivillige som høver til oppgåva. Hugs at dei frivillige er vanlege menneske som ikkje alltid har ein spesiell kompetanse på det dei skal hjelpe til med. 

Me må diverre seie nei til oppdrag som kan føre med seg fare, som til dømes å måtte klatre høgt opp under møner eller opp på tak. Me kan heller ikkje ta på oss oppdrag som det er vanleg å nytte handverkarar til.

Dersom det ikkje er gjort avtale om noko anna, lyt den som ber om ei teneste sjølv syte for at alt utstyr som skal brukast av den frivillige er tilgjengeleg og i god stand.

Teieplikt

Alle frivillige som tek på seg ein-til-ein oppdrag lyt skrive under på ei utsegn om teieplikt. Det same gjeld òg deltaking som frivillig i mange av dei aktivitetane me har.

Målgruppe

Målgruppa er alle innbyggjarar i Luster kommune som ynskjer den hjelpa som Frivilligsentralen kan tilby.