Tirsdag 26 Mai 2020
Utkøyring av matvarer
Trenger du hjelp til å få køyrt matvarer heim til deg? Dette er for deg som er i karantene/må vere heime for å unngå smitte og som ikkje har familie/pårørande i nærleiken. Frivillige hjelper til med å hente bestilte matvarer på butikken og bringer dei heim til deg. Grunna korona viruset vil matvarene bli satt utanfor inngangsdøra di. Ring Luster Frivilligsentral tlf. 45665954 for nærare avtale.

Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte. 

Andre har mista moglegheita for å ta serviceskyssen då dette tilbodet er innstilt inntil vidare.

Dette kan skape utfordringar med tanke på handling av matvarer.                                

Me har frivillige som kan hjelpe med å hente bestilte matvarer på butikken og bringe dei heim til deg.

Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.

2024 © Luster frivilligsentral