-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!
Bruktbutikken har normale opningstider frå juni 2020
Grunna COVID-19 har bruktbutikken vore delvis open i mai - kun torsdag og fredag. Frå juni 2020 er me tilbake til normale opningtider - torsdag, fredag og laurdag.Bruktbutikken i Gaupne er tilbake til vanlege opningstider:
torsdag kl. 16-18, fredag kl. 13-15 og laurdag kl. 12-14.
Smittevernreglane gjeld fortsatt:
- Alle kundar må bruke handsprit som står rett innanfor døra. Sprit hendene dine både når du kjem og når du går!
- Hald 1 m. avstand til kundar og personale.
- Unngå å ta på varer du ikkje skal kjøpa.
- Ta kontakt med personale før du kjem inn med varer du ynskjer å levera.
- Oppfordrar til betaling med vipps/kortautomat.
Del på:
Flere nyheter
-
Luster utstyrssentral - sykkelsesong
Sykkelsesongen nærmar seg. Etter påske vil me starte arbeidet med å klargjere syklane for utlån. Syklane vil bli klare til utlån frå 6.mai.