Generasjonstur til Feiga/Feigefossen søndag 7.juni

Luster Turlag og Luster frivilligsentral inviterer til generasjonstur på Feiga/Feigefossen. Påmelding innan 6.juni til kontaktperson Anne Merete Kvalsøren tlf. 905 88 369. Dei første 50 påmelde får plass! Oppmøte kl. 11.00 på parkering ved Feigefossen.

Søndag 7.juni blir det tradisjonen tru generasjonstur til Feigefossen. Det har skjedd mykje dei siste åra i Feiga, på sørsida av fjorden. Både smie, sag og mølle har vorte restaurerte, og eigarane har opne ein liten kafè, der ein kan kjøpe kaffi og vaflar.

Turen går opp langs Feigeelva til foten av den 218 meter høge Feigefossen. På denne tida er det snøsmelting og stor vassføring, så lat deg imponere.

P.g.a. koronarestriksjonar må alle halde 1 meter avstand til kvarandre, ta med eigen antibac og bruk privat bil. Det vert ikkje oppmoda om samkøyring.

 


2024 © Luster frivilligsentral