Grandmo bocciabane

Grandmo bocciabane fekk nytt fastare toppdekke hausten 2019 og er no klar for bruk. Spelereglane heng på veggen ved bana! Manglar du bocciakuler? Ta kontakt med Luster frivilligsentral/Luster utstyrssentral for gratis lån, tlf. 456 65 954.

Grandmo bocciabane kom på plass etter eit samarbeid mellom Luster frivilligsentral, Luster revmatikerforening, Gaupne helselag, NFU Luster lokallag og Luster LHL.  Luster sparebank er hovudsponsor for bocciabana.

NFU Luster lokallag har fått tildelt pengar frå Statskog - Statskogmillionen til innkjøp av benkar og dei er no komne på plass.


2024 © Luster frivilligsentral