-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!
Jonsokfeiring i Solvorn
Også i år var Leidulf Kvam, Luster Lions, på jonsokfeiring i Solvorn. Rickshawsyklane kan nyttast til så mangt!Vår kjære Leidulf Kvam, Luster Lions, er ein flott ambassadør for våre Rickshawsyklar. Kvart år har han opplæring på nye sykkelpilotar/sykkelvener.
Skulle du ynskje slik opplæring er det berre å ta kontakt med Anita på Luster Frivilligsentral tlf. 456 65 954. Det står ein sykkel på kvart omsorgssenter til disposisjon for bebuarane. Det er flott om pårørande får opplæring og tek med seg sine kjære på ein sykkeltur!
Del på:
-
Luster utstyrssentral - sykkelsesong
Sykkelsesongen nærmar seg. Etter påske vil me starte arbeidet med å klargjere syklane for utlån. Syklane vil bli klare til utlån frå 6.mai.