Oppstart leksehjelp måndag 30.august

Leksehjelp for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule startar opp att måndag 30.august.

Leksehjelp kvar måndag kl. 17-19 for deg som går på ungdomsskule og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!

Aldersgruppe: 12 til 20 år.

Oppstart leksehjelp måndag 30.august kl. 17 - 19 på Grandmo lagshus i Gaupne.

 Lagshuset er ope frå kl. 16.00. Du går rett frå skulebussen og bort til Grandmo lagshus i Gaupne. 

Først eter me litt mat - du tek med niste og me spanderer drikke. Innimellom serverer me eit varmt måltid. Dette får du beskjed om på førehand slik at du slepp å ta med niste denne dagen.

Elevane må ha med eigen pc! 


Sjå lenke: Plakat leksehjelp hausten 2021

2024 © Luster frivilligsentral