-
Juleglede 2025
Det er no mogleg for innbyggjarane i Luster kommune som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, å fylle ut eit enkelt skjema for å ha høve til å motta ei juleglede. Her kan de som foreldre få personlege gåver til barna.
Oppstart seniortreff for heimebuande
Seniortreffet for heimebuande startar opp att torsdag 11.september kl. 10.00. Påmelding pr. tlf. 57 68 55 00 innan kl. 13.00 onsdagen før.Oversikt over seniortreff hausten 2025:
Del på:
-
Juleverkstad på Gaupnetunet søndag 30.november
Arbeidsgruppa i Juleglede, ungdomar, Gaupnetunet og Gaupne Bygdalag ringer jula inn 1.søndag i advent. Me startar med juleverkstad på Gaupnetunet kl. 12.00 - 15.00. Gudsteneste i Gaupne kyrkje kl. 16.00 og ca. kl. 17.00 blir det fakkeltog ned til Rådhusparken. Musikk av Gaupne skule- og ungdomskorps. Tenning av julegran og song av 1.klasse ved Gaupne skule. Servering av gløgg og pepparkaker i Rådhusparken.
-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.