-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!
Pengegåve til Luster utstyrssentral
Samarbeid på tvers lønner seg alltid. Luster frivilligsentral og Nasjonalforeningen Gaupne helselag har over fleire år hatt eit godt samarbeid.I år har Gaupne helselag søkt Tubfrim om økonomisk støtte til innkjøp av skipakkar til Luster utstyrssentral.
Søknaden er blitt innvilga med kr. 10.000,-.
Skipakkar til barn er bestilt!
Frivilligsentralen takkar så mykje for den fantastiske pengegåva!
Del på:
-
Luster utstyrssentral - sykkelsesong
Sykkelsesongen nærmar seg. Etter påske vil me starte arbeidet med å klargjere syklane for utlån. Syklane vil bli klare til utlån frå 6.mai.