-
Sommarkonsert med Tore Halvorsen
"Alle" over ein viss alder har hatt Ole Ivars som ein av sine musikkfavorittar. Fram til 2018 var Tore Halvorsen vokalist i den folkekjære gruppa. No har han skapt seg ei solokarriere der han fartar på over heile landet og underheld med låtar som "Jag Trodde Änglarna Fanns", "En får værra som en er" og "Nei, så tjukk du har blitt". I Luster skal Tore i slutten av mai vere på alle dei tre omsorgssentera. Men han skal også ha ein ordinær konsert open for alle på Gaupnetunet. Møt opp måndag 27. mai kl. 18.00.
FTU - Tilrettelagt friluftsliv onsdag 10.januar
Juleferien er over og "Tilrettelagt friluftsliv" er klar for aking onsdag 10.januar kl. 17-19. Denne gongen spanderer me varm mat og drikke! Hugs påmelding innan måndag 8.januar kl. 14.00.Oppmøte ved Grandmo lagshus.
Me går saman bort til akebakken ved Gaupne skule.
Me tek med akeutstyr for dei som treng det.
Sjå invitasjon her : 10.01.24
Del på:
-
Tildeling frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Tusen hjarteleg takk for økonomisk tildeling på kr. 360.000. Pengane vil bli nytta til vidareutvikling av vår mykje brukte utstyrssentral.
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 226.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!