-
Sommarkonsert med Tore Halvorsen
"Alle" over ein viss alder har hatt Ole Ivars som ein av sine musikkfavorittar. Fram til 2018 var Tore Halvorsen vokalist i den folkekjære gruppa. No har han skapt seg ei solokarriere der han fartar på over heile landet og underheld med låtar som "Jag Trodde Änglarna Fanns", "En får værra som en er" og "Nei, så tjukk du har blitt". I Luster skal Tore i slutten av mai vere på alle dei tre omsorgssentera. Men han skal også ha ein ordinær konsert open for alle på Gaupnetunet. Møt opp måndag 27. mai kl. 18.00.
FTU Luster - Tilrettelagt friluftsliv laurdag 10.februar på Sogn skisenter
Laurdag 10.februar kl. 11.00 - 14.30 møtest me i grillhytta på Sogn skisenter. Her blir det skileik og aking. Me får besøk av "Fjordhusky" denne dagen som kjem med eit hundespann. Her kan du få moglegheit til å sitje på dersom du ynskjer!Me spanderer grillmat denne dagen, men drikke må du ta med sjølv.
Det er mogleg å låne ski på Luster utstyrssentral. Dette må avtalast og hentast i god tid på førehand.
Ellers har me med kjelkar og akematter som du kan låne.
Buss frå Grandmo miljøteneste. Avreise kl. 10.30.
Påmelding innan onsdag 7.februar kl. 14.00 til Anita, anita.kjorlaug@sogn.no eller SMS pr. tlf. 90055328.
Arrangementet er gratis og støtta økonomisk av Vestland Fylkeskommune.
Invitasjon: FTU februar
Del på:
-
Tildeling frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Tusen hjarteleg takk for økonomisk tildeling på kr. 360.000. Pengane vil bli nytta til vidareutvikling av vår mykje brukte utstyrssentral.
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 226.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!