-
Sommarkonsert med Tore Halvorsen
"Alle" over ein viss alder har hatt Ole Ivars som ein av sine musikkfavorittar. Fram til 2018 var Tore Halvorsen vokalist i den folkekjære gruppa. No har han skapt seg ei solokarriere der han fartar på over heile landet og underheld med låtar som "Jag Trodde Änglarna Fanns", "En får værra som en er" og "Nei, så tjukk du har blitt". I Luster skal Tore i slutten av mai vere på alle dei tre omsorgssentera. Men han skal også ha ein ordinær konsert open for alle på Gaupnetunet. Møt opp måndag 27. mai kl. 18.00.
Generasjonstur til Feiga/Feigefossen søndag 7.juni
Luster Turlag og Luster frivilligsentral inviterer til generasjonstur på Feiga/Feigefossen. Påmelding innan 6.juni til kontaktperson Anne Merete Kvalsøren tlf. 905 88 369. Dei første 50 påmelde får plass! Oppmøte kl. 11.00 på parkering ved Feigefossen.Søndag 7.juni blir det tradisjonen tru generasjonstur til Feigefossen. Det har skjedd mykje dei siste åra i Feiga, på sørsida av fjorden. Både smie, sag og mølle har vorte restaurerte, og eigarane har opne ein liten kafè, der ein kan kjøpe kaffi og vaflar.
Turen går opp langs Feigeelva til foten av den 218 meter høge Feigefossen. På denne tida er det snøsmelting og stor vassføring, så lat deg imponere.
P.g.a. koronarestriksjonar må alle halde 1 meter avstand til kvarandre, ta med eigen antibac og bruk privat bil. Det vert ikkje oppmoda om samkøyring.
Del på:
-
Tildeling frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Tusen hjarteleg takk for økonomisk tildeling på kr. 360.000. Pengane vil bli nytta til vidareutvikling av vår mykje brukte utstyrssentral.
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 226.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!