-
Tildeling frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Tusen hjarteleg takk for økonomisk tildeling på kr. 360.000. Pengane vil bli nytta til vidareutvikling av vår mykje brukte utstyrssentral.
Jobbsøkarkurs - sommarjobb
I samarbeid med NAV Luster blir det arrangert jobbsøkarkurs for deg som er mellom 16 - 26 år. Jobbsøkarkurset blir gjennomført i vinterferien, onsdag 23.februar kl. 10-14. Oppmøte Grandmo lagshus (ved sida av Idrettshallen) i Gaupne.Treng du hjelp til å søke sommarjobb?
Me hjelper deg med å skrive cv, digitale søknadar, korleis utforme søknad.
Ta med eigen bærbar pc!
Ingen påmelding!
Sjå meir informasjon: Jobb søk 33
Del på:
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 226.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!