-
Sommarkonsert med Tore Halvorsen
"Alle" over ein viss alder har hatt Ole Ivars som ein av sine musikkfavorittar. Fram til 2018 var Tore Halvorsen vokalist i den folkekjære gruppa. No har han skapt seg ei solokarriere der han fartar på over heile landet og underheld med låtar som "Jag Trodde Änglarna Fanns", "En får værra som en er" og "Nei, så tjukk du har blitt". I Luster skal Tore i slutten av mai vere på alle dei tre omsorgssentera. Men han skal også ha ein ordinær konsert open for alle på Gaupnetunet. Møt opp måndag 27. mai kl. 18.00.
Juleglede 2023
Det er no mogleg for innbyggjarane i Luster kommune som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, å fylle ut eit enkelt skjema for å ha høve til å motta ei juleglede. Her kan de som foreldre få personlege gåver til barna eller ei opplevingspakke for familien.«Juleglede» er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune, Luster Røde Kors, Luster Lions, Nasjonalforeningen for folkehelsa Gaupne helselag, Luster kyrkjelege fellesråd og Luster frivilligsentral som bidreg til at familiar med økonomiske utfordringar skal få tilbod om å ta imot ei julegåve.
Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting.
Det handlar om å vere saman med familie, venner og dei ein er glade i.
«Juleglede» kan vere med å bidra til at ein får litt færre bekymringar, at barna får noko dei ynskjer seg, og at jula blir god for alle.
Det er ei høgtid som forsterkar kjenslene våre, både gleder og sorger.
Det kan av ulike årsaker vere ei vanskeleg tid for mange.
Kjøpepress og forventningar kan skape vanskelege tankar for foreldre om å ikkje strekke til, eller at ein ikkje kan gje barna noko dei ynskjer seg til jul.
Me ynskjer å bidra til at alle kan oppleve ei god jul!
Klikk på lenkja for å lese meir om juleglede i Luster:
Del på:
-
Tildeling frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Tusen hjarteleg takk for økonomisk tildeling på kr. 360.000. Pengane vil bli nytta til vidareutvikling av vår mykje brukte utstyrssentral.
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 226.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!