-
Tildeling frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)
Tusen hjarteleg takk for økonomisk tildeling på kr. 360.000. Pengane vil bli nytta til vidareutvikling av vår mykje brukte utstyrssentral.
Nye opningstider på Luster utstyrssentral
Luster utstyrssentral har endra opningstidene sine frå 12.juni. Utstyrssentralen er no open på måndagar kl. 08.00 - 15.30 og torsdagar kl. 12.00 - 16.30. Ved utlån og levering MÅ ein på førehand ta kontakt med Anita/Cecilie på tlf. 45665954 eller Luster frivilligsentral sin facebook/messenger for nærare avtale.Del på:
-
Tildeling frå Gjensidigestiftelsen
Ei stor takk til Gjensidigestiftelsen for tildeling av kr. 226.000 som skal nyttast til sommaraktivitetar/sommarjobb for barn og unge i Luster kommune. Dette er heilt fantastisk og i samarbeid med ungdomsteamet i Luster kommune er me no i gang med å planlegge mange kjekke aktivitetar.
-
Tildeling frå Luster sparebank
Luster frivilligsentral takkar så mykje for den flotte tildelinga på kr. 20.000 frå Luster sparebank. Pengane skal nyttast til ulike arrangement og FriMoro for barn og unge i 2024. Tusen takk!