På Grøn Fredag kan du selge, kjøpe og bytte brukte klede og turklede. Du kan også få reparert glidlåsen på favorittjakken din eller holet i skibuksa så dei held ein sesong til. HafsloSewingShop m/Inna og Luster husflidslag kjem for å tilby sine tenester.
Grøn Fredag skal føregå på Ungdomsklubben i lokala til Skattekista, Gaupne sin nye bruktbutikk. Me håpar å sjå ungdomar og vaksne frå heile Luster til ein hyggeleg byttekveld. Kanskje kan du kome heim med ny skijakke for vintersesongen.
Første timen av arrangementet er berre for ungdommar, her vil det bli servert gratis pizza til alle. Kl.16.00 opnar me dørane for alle som ynskjer å delta, unge og vaksne.
Det vil vere sal av vafler og kaffi. Inntektene frå salet går til Ungdomsklubben.
Dersom du vil levere inn klede du ynskjer å bytte vekk eller selge, kan du gjere det vekene før den 29. november. Kvar person kan levere eller selge opp til 5 ulike plagg.
Kleder som er igjen etter arrangementet vil bli donert til Skattekista til inntekt for Ungdomsklubben.
Du kan levere inn klede på Ungdomsklubben mellom kl. 15.00 og 17.00 følgjande datoar:
Onsdag 20. november
Torsdag 21. november
Onsdag 27. november
Torsdag 28. november
Lenkje til arrangementet: https://fb.me/e/1zEmjUQNo
Program for dagen
15.00 Dørane opnar for ungdomar
15.30 Gratis pizza og brus
16.00 Dørane opnar for alle
18.00 Arrangementet stenger
Kontakt om arrangementet
Luster Turlag
Gry Thyrrestrup på tlf. 90 20 06 38 eller e-post: luster.turlag@dnt.no
Ungdomsklubben i Gaupne
Thomas Haugen på tlf. 41293210 eller e-post: thomas.haugen@luster.kommune.no.
Luster Frivilligsentral
Tlf. 456 65 954
eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no