Kan du bidra? Trenger du hjelp?

Her kan du varsle Frivilligsentralen om du har behov for hjelp eller om du kan bidra som frivillig. Når du har sendt inn info, tek me kontakt så snart me kan.

Om oss

Ta kontakt eller kom innom for ein prat om kva me kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.

Aktivitetar

Her finn du informasjon om kva sentralen driv med. Klikk for meir info.

Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.

Les mer

I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.

Les mer

FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.

Les mer

Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.

Les mer

Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.

Les mer

Leksehjelp kvar mandag kl. 16-18 for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!

Les mer

Luster utstyrssentral held til i Pyramiden senter ved sida av bruktbutikken vår.

Les mer

Seniortreffet er annakvar torsdag i oddetalsveker kl. 10-14 på Gaupne omsorgssenter.

Les mer

Ta med nokon på sykkeltur! Oppdraget er knytta opp til bebuarar på omsorgsenter og eldresenter.

Les mer

Årleg integreringsarrangement i regi av Røde Kors i juni. I 2025 blir arrangementet laurdag 21.juni.

Les mer

Tilrettelagt friluftsliv - FTU Luster er eit samarbeid mellom NFU Luster lokallag, Luster turlag og Luster frivilligsentral. Målsetjinga er å gje gode opplevingar ute i naturen.

Les mer

Vinteraktivitetar for 4.-7. trinn og 8-VG3. Aktivitetane er gratis!

Les mer

Kva skjer

Dato Kl. Tittel Sted
Tor 24.09 10:00 Seniortreff for heimebuande Gaupne omsorgssenter, aktivitetsstova
Tor 24.09 12:00 Bruktbutikk Pyramiden senter, Gaupne
Fre 25.09 12:00 Bruktbutikk Pyramiden senter, Gaupne
Lør 26.09 12:00 Bruktbutikk Pyramiden senter, Gaupne
Tor 01.10 11:00 Friluftsvenn Gaupne

Bli frivillig

Me treng deg som frivillig og alle som kan bidra med noko. Sei frå her dersom du vil vere frivillig. Me tek kontakt og saman med deg finn me noko du har lyst til å vere med på.
2026 © Luster frivilligsentral