Friluftsvenn I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.
FriMoro og sommarferieaktivitetar FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.
Haustferieaktivitetar Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.
Leksehjelp Leksehjelp kvar mandag kl. 16-18 for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!
Luster Utstyrssentral Luster utstyrssentral held til i Pyramiden senter ved sida av bruktbutikken vår.
Seniortreff for deg som bur heime eller i eldrebustad Seniortreffet er annakvar torsdag i oddetalsveker kl. 10-14 på Gaupne omsorgssenter.
Sykkelvenn Ta med nokon på sykkeltur! Oppdraget er knytta opp til bebuarar på omsorgsenter og eldresenter.
Til Topps 2025 - Hodlekve i Sogndal Årleg integreringsarrangement i regi av Røde Kors i juni. I 2025 blir arrangementet laurdag 21.juni.
Tilrettelagt friluftsliv - FTU Luster Tilrettelagt friluftsliv - FTU Luster er eit samarbeid mellom NFU Luster lokallag, Luster turlag og Luster frivilligsentral. Målsetjinga er å gje gode opplevingar ute i naturen.