FriMoro er eit arrangement i regi av Luster Kommune i samarbeid med lokale lag og organisasjonar som Gaupne helselag, Lions Club Luster, Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral.
Dette er eit gratis arrangement for barn fra 4. til 7. klasse som blir arrangert veka etter skuleslutt.
FriMoro er basert på aktivitetar og friluftsliv, med diverse aktivitetar som Sup brett, kajakk, kano, natursti, lavvo, matlaging på bål og mykje anna.
Me treng frivillige som kan hjelpe til med aktivitetar og hjelpe på kjøkken med matlaging. Ta kontakt med Anita eller Cecilie på Luster frivilligsentral.
Sjå plakat for FriMoro sommaren 2025: FriMoro-2025 Plakat
Sjå video frå FriMoro 2024: Facebook