Ukjent måned
Ringevenn
Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte. Dei kunne hatt glede av ein ringevenn. Ein ringevenn ringer til ein person som er åleine eit par gonger i veka for å prate litt.

Telefonvenn.

Å få ein telefonvenn kan bety mykje for ein som er isolert og bur åleine.

Me søker frivillige som ynskjer å vere ein telefonvenn. Den frivillige må vere fylt 18 år.

Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.

Vil du ha ringevenn eller ynskjer å bli ringevenn så kontakt oss.

Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.

2020 © Luster frivilligsentral