Fredag 24 Juni 2022
Kl. 10:00 - 15:00
Sykkeltur 2022 - Balestrand-Leikanger-Sogndal
2022 er Frivilligheitsåret. Norges Frivilligsentraler inviterer i samarbeid med ei rekke andre organisasjonar til ein sykkeltur gjennom heile landet! Saman skal me sykle, for å skape gode og inkluderande lokalsamfunn. Turen går frå Nordkapp til Arendalsveka, fra 21. mai til 15. august 2022. Fredag 24.juni kjem sykkelturen 2022 til Indre Sogn. Møt opp langs ruta og delta i dette flotte arrangementet!

Fredag 24.juni kjem sykkelturen 2022 til oss i Indre Sogn. Nærare bestemt Balestrand og Sogndal. 

Sykkelruta startar frå Balestrand ca. kl. 10.00 ved Balahaugen og går vidare til kaia på Holmen (Joker butikken). Her blir det servering av sveler, kaffi og is til dei minste. Aktivitetar av Balestrand Idrettslag og Fjordljos 4H.

Neste sykkeletappe vil starte frå Stedjebukti ca. kl. 13.30 og vil gå langs yttersida av Sjøkanten og opp langs elva. Vidare forbi skysstasjonen og opp til Sogndal helse - og omsorgssenter for eit kort stopp. Vidare inn Skulevegen og bak Sogningen og Kulturhuset og inn Fjørevegen.  Frå ca. kl. 14.15 blir det arrangement ved Sogndal frivilligsentral/Fjørevegen 17. Her vil det bli "sofaprat" om frivilligheit. Servering av vafler, syrisk mat, kaffi, saft osv.

Eit meir detaljert program kan du lese her:

Program sykkeltur 3


 


2024 © Luster frivilligsentral