Har din organisasjon hugsa å melde seg på kveldskonferansen 4.oktober? Luster kommune ynskjer å utvikle ein frivilligheitspolitikk og treng innspel frå organisasjonane. Her har dei frivillige organisasjonane moglegheit for å ytre sin meining om korleis frivilligheitspolitikken skal utformast i vår kommune.

Ein aktiv og levande frivillig sektor er grunnleggjande for eit levande lokalsamfunn. 

Ein god relasjon og dialog mellom kommunen og lokale lag/organisasjonar har stor betydning for korleis vi saman kan skape eit godt lokalsamfunn.

No har organisasjonane moglegheit for å kome med innspel til dette viktige arbeidet!

Sjå program:


 

2024 © Luster frivilligsentral