-
Friluftsvenn
Grandmo bocciabane
Grandmo bocciabane fekk nytt fastare toppdekke hausten 2019 og er no klar for bruk. Spelereglane heng på veggen ved bana! Manglar du bocciakuler? Ta kontakt med Luster frivilligsentral/Luster utstyrssentral for gratis lån, tlf. 456 65 954.
Grandmo bocciabane kom på plass etter eit samarbeid mellom Luster frivilligsentral, Luster revmatikerforening, Gaupne helselag, NFU Luster lokallag og Luster LHL. Luster sparebank er hovudsponsor for bocciabana.
NFU Luster lokallag har fått tildelt pengar frå Statskog - Statskogmillionen til innkjøp av benkar og dei er no komne på plass.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.