-
Friluftsvenn
"Til Topps-tur" for flyktningar, asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar
Laurdag 13.juni arrangerar Luster Frivilligsentral og Luster Røde Kors lokal «Til Topps-tur» i eigen kommune for asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Ein fin måte å bli kjent på og ikkje minst bli kjent med turmoglegheiter i nærområdet.Oppmøte utanfor inngang til Rådhuset i Gaupne kl 11.00.
Me går opp Sandvikberget til parkeringsplassen i Engjadalen. Her tek me mat- og drikkepause før me går ned att Gåpnaberget, vidare til Gaupne gamle kyrkje, og tilbake til sentrum.
Pga coronarestriksjonar blir det påmelding, og dei 50 fyrste som melder seg får vere med. Hugs 1 m avstand til kvarandre, ta med eigen antibac, mat og drikke og godt humør
Påmelding til Anita på SMS/tlf. 456 65 954 innan 12.juni.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.