-
Me takkar av ein styreleiar, og ynskjer ein ny styreleiar velkomen!
Ivar Kvalen har vore styreleiar sidan 2023. Han kom inn som ein reddande engel då ingen ynskte å takke ja som ny styreleiar i Luster frivilligsentral. Denne veka takka me Ivar for innsatsen med ei blomehelsing og kosa oss med kaffi og kake. Samtidig ynskte me ny styreleiar velkomen - Knut Åge Teigen.
SOMMARSTENGT 2020
Luster frivilligsentral har sommarstengt frå torsdag 9.juli - 9.august. Opnar att måndag 10.august.Bruktbutikken vil vere stengt i perioden 6.juli - medio september. Bruktbutikken flyttar til Pyramiden senter - NYOPNING I SEPTEMBER.
Luster utstyrssentral vil vere stengt 9.juli - 9.august.
God sommar til alle frivillige, samarbeidspartnarar og alle våre kjekke kundar som handlar og ikkje minst leverer flotte ting til bruktbutikken vår!
Del på:
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.
-
Opningstider på Luster utstyrssentral
Minner om opningstidene ved Luster utstyrssentral. Lån av utstyr må skje i opningstida: MÅNDAG kl. 08.00 - 15.30 og TORSDAG kl. 12.00 - 16.30. Luster utstyrssentral er dessverre ikkje bemanna desse dagane pga mangel på ressursar til dette. Lån av utstyr må avtalast på førehand med Anita/Cecilie på tlf. 456 65 954 eller Luster frivilligsentral si facebook/messenger eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no