-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Oppstart leksehjelp måndag 30.august
Leksehjelp for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule startar opp att måndag 30.august.Leksehjelp kvar måndag kl. 17-19 for deg som går på ungdomsskule og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!
Aldersgruppe: 12 til 20 år.
Oppstart leksehjelp måndag 30.august kl. 17 - 19 på Grandmo lagshus i Gaupne.
Lagshuset er ope frå kl. 16.00. Du går rett frå skulebussen og bort til Grandmo lagshus i Gaupne.
Først eter me litt mat - du tek med niste og me spanderer drikke. Innimellom serverer me eit varmt måltid. Dette får du beskjed om på førehand slik at du slepp å ta med niste denne dagen.
Elevane må ha med eigen pc!
Sjå lenke: Plakat leksehjelp hausten 2021
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.