-
Friluftsvenn
Nissejakt 2020 - nissejakta er no avslutta
Nissejakta har vara i heile desember månad og er no avslutta. Mange nissekort har kome inn til Luster frivilligsentral. Trekning av premiar vil skje i løpet av veke 1. Vinnarane vil bli annonsert på vår facebookside og kontakta pr. sms.Det nærmar seg adventstid og julefeiring. I år blir denne tida annleis grunna covid-19.
Av den grunn er det ekstra viktig å ha ein lystbetont aktivitet for heile familien.
Luster frivilligsentral inviterer til nissejakt 2020
Du set ein nisse i vindauget. Me oppfordrar alle i Luster til å finne fram ein nisse til å setje i vindauget. Ungane går tur rundt om i bygda si og ser kor ein finn ein nisse. Ungane kryssar av på kortet og samlar kryss.
Kortet kan leverast uansett om det er fullt eller ikkje. Ein kan levere inn fleire kort. Korta kan leverast i postkassen som heng utanfor inngangspartiet til Rådhuset eller sendast bilde av til post@luster.frivilligsentral.no
Nissekort kan du få på bruktbutikken i Gaupne/på oppslagstavla til Pyramiden senter eller kopiere opp sjølv (sjå lenke under).
Her kan du kopiere opp kort til : Skjema nissejakt
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.