-
Friluftsvenn
Til Topps 2021
Laurdag 12. juni arrangerer Luster Frivilligsentral og Luster Røde Kors «Til Topps» for asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar og flyktningar i Sogn og Fjordane. Turen går til Kleivafjellet frå Skei i Jølster.Arrangementet "Til Topps" er eit årleg arrangement i regi av Røde Kors, der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur. Denne gongen er turen lagt til Kleivafjellet i Jølster.
Eigenandel for turen blir på kr 200,- per person. Dette dekkjer middag på Thon Hotel Skei etter fjellturen og buss tur/retur Gaupne - Skei. Deltakarane går i gruppe på 4 personar med ein lagleiar. Nedre aldersgrense er 10 år.
Sjå lenkjene under for informasjon om turen og utstyrsliste:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.