-
Friluftsvenn - julegraut på bål torsdag 26.november
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle i Gaupne til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og torsdag 26.november er siste gong før jul. Me inviterer derfor til julegraut på bål, kaffi og ei sosial etund rundt bålet. Julegraut og kaffi blir servert i gapahuken/grillhytta ved Hanaskjæren. Du vel sjølv om du vil bli med på turen eller møte direkte ved gapahuken. Heilt gratis - ingen påmelding. Sjå datoar på plakaten.
Nye barnesyklar på utstyrssentralen!
Syklane er for barn mellom 4-6 år og 6-8 år.Del på:
-
Juleverkstad på Gaupnetunet søndag 29.november
Arbeidsgruppa i Juleglede, ungdomar, Gaupnetunet og Gaupne Bygdalag ringer jula inn 1.søndag i advent. Me startar med juleverkstad på Gaupnetunet kl. 12.00 - 15.00. Gudsteneste i Gaupne kyrkje kl. 16.00 og ca. kl. 17.00 blir det fakkeltog ned til Rådhusparken. Musikk av Gaupne skule- og ungdomskorps. Tenning av julegran og song av 1.klasse ved Gaupne skule. Servering av gløgg og pepparkaker i Rådhusparken.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.