-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Familiedag
Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral inviterer til familiedag laurdag 9.oktober kl. 12.00 - 16.00.På familiedagen vil det vere ulike aktivitetar for familiane/borna.
Underhaldning, mat og drikke utover dagen.
Påmelding innan 5.okt. til Anita på Luster frivilligsentral via SMS på tlf. 45665954 eller e-post: post@luster.frivilligsentral.no.
Maks antal påmelde er 40 personar så her er det "førstemann til mølla".
Arrangementet er gratis!
Sjå invitasjon:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.