-
Internasjonal Julefest
Den norske kyrkja, Luster Frivilligsentral og Gaupne sokneråd skal saman arrangere Internasjonal Julefest rett over nyttår
Juleglede
«Juleglede» er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune, Luster Lions, Nasjonalforeningen Gaupne helselag, Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral som bidreg til at familiar med økonomiske utfordringar skal få tilbod om å ta imot ei julegåve.Frå måndag 8.november vert det moglegheit for innbyggjarane i Luster kommune som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, å fylle ut eit enkelt skjema for å ha høve til å motta ei juleglede. Her kan de som foreldre får personlege gåver til barna eller ei opplevingspakke for familien.
Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting.
Det handlar om å vere saman med familie, venner og dei ein er glade i.
«Juleglede» kan vere med å bidra til at ein får litt færre bekymringar, at barna får noko dei ynskjer seg, og at jula blir god for alle.
Det er ei høgtid som forsterkar kjenslene våre, både gleder og sorger.
Det kan av ulike årsaker vere ei vanskeleg tid for mange.
Kjøpepress og forventningar kan skape vanskelege tankar for foreldre om å ikkje strekke til, eller at ein ikkje kan gje barna noko dei ynskjer seg til jul.
Me ynskjer å bidra til at alle kan oppleve ei god jul!
Les meir her:
Del på:
-
Luster utstyrssentral har fått skøyter
Etter fleire vintrar med lite snø har me fått mange førespurnadar om me har skøyter å låne ut. Dette har me no gått til innkjøp av. Sjå oversikt under over kva storleikar me har å låne ut.
-
Juleglede 2025
Det er no mogleg for innbyggjarane i Luster kommune som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, å fylle ut eit enkelt skjema for å ha høve til å motta ei juleglede. Her kan de som foreldre få personlege gåver til barna.