-
Friluftsvenn
Julegåve frå Luster kommune
I kommunestyremøtet 16.12.21 vart Luster frivilligsentral tildelt ei pengegåve på kr. 50.000.I budsjettsaka kan ein lesa følgjande:
"Luster kommune løyver kr. 50.000 i julegåve til Frivilligsentralen for deira store frivillige innsats i arbeidet med inkludering".
Luster frivilligsentral er overvelda og takkar så mykje for den flotte pengegåva som vil gå til å styrke arbeidet med inkludering og integrering.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.