-
Friluftsvenn
Julehelsing frå Luster frivilligsentral
Cecilie og Anita på Luster frivilligsentral ynskjer alle ei riktig god jul og eit aktivt nyttår!Me takkar alle dei frivillige som har stillt opp og hjelpt oss med ulike aktivitetar og arrangement. Utan dere hadde ikkje dette vore mogleg!
Ei ekstra stor takk til alle dei frivillige på vår bruktbutikk som står på og gjer det mogleg for oss å vere kanskje "Norges finaste bruktbutikk?"
Me vil også takke Luster kommune og lag/organisasjonar som har vore viktige samarbeidspartnarar i året som har gått.
Samarbeid er viktig for å skape noko positivt for lokalsamfunnet!
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.