-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Gåve frå Gaupne helselag
Me har kjøpt 4 skipakkar for pengegåva frå Gaupne helselag!Nasjonalforeningen for folkehelsen Gaupne helselag søkte Tubfrim om økonomisk støtte til innkjøp av skipakkar til Luster utstyrsentral.
Søknaden er blitt innvilga med kr. 10.000,-.
Me har kjøpt inn 4 skipakkar til barn for desse pengane, og desse er no tilgjengelig for utlån.
Frivilligsentralen takkar så mykje for den fantastiske pengegåva!


Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.