-
Friluftsvenn
Klesbyttedag 26.mars på bruktbutikken i Gaupne
Laurdag 26.mars inviterer vi til klesbyttedag på Bruktbutikken i Gaupne i samarbeid med Luster husflidslag!Ta vare på miljøet!
Gjenbruk og reparasjon av kle er kjekt og viktig!
Kom med kle du ikkje brukar og bytt dei inn i andre kle. Max 7 plagg kan leverast. Me tek imot ungdomskle til jenter og vaksne damekle.
Levering av kle kan gjerast torsdag 24.mars kl. 12-17 og fredag 25.mars kl. 12-15.
Du får utdelt ein "bytelapp" som du kan nytte til å byte i eit heilt nytt plagg for deg!
Klede som blir til overs blir levert Fretex.
Luster Husflidslag vil på denne dagen stille med "Fikselaug" slik at du kan få lære deg å reparere klede.
(2) Klesbyttedag med reparasjon av kle - "fiksarlaug" hjelper deg | Facebook
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.