-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
SOGN REGIONRÅD INVITERER!
"Ein kveld for frivilligheita". Gjennom prosjektet «Sogn for alle» skal me saman auke deltaking i frivilligheita og skape større bulyst for innvandrar i Sogn. Det er «Frivilligheita sitt år 2022»Måndag 2. mai 2022, kl. 18.00 - 21.00
Stad: Quality Hotel Sogndal
Mellom anna kjem Sosan Asgari Mollestad med føredraget «Frivilligheit og inkludering». Målgruppe: Alle frivillige lag og organisasjonar i Sogn, eldsjeler, kommunalsjefar for kultur, oppvekst og samfunn i alle kommunane, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar. Påmelding innan 20.april. Gratis inngang
Sjå invitasjon:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.