-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Markering av "VÅR DAG"
Luster frivilligsentral ynskjer å markere "VÅR DAG" i Frivilligheitsåret 2022. Markeringa vil skje på Pyramiden senter laurdag 21.mai kl. 11.00 - 14.00.Laurdag 21.mai kl. 11.00 - 14.00 vil Luster frivilligsentral ha stand på Pyramiden senter.
Sjå vedlagt program: Plakat VÅR DAG LFS
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.