-
Friluftsvenn
Gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har også i år tildelt midlar til innkjøp av utstyr til BUA/ utstyrssentralar i Sogn og Fjordane. Luster frivilligsentral er så heldige å ha fått tildelt kr. 45.000. Pengane skal nyttast til innkjøp av syklar og skipakkar til barn. Tusen takk Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane!Her kan du lese meir om kven som har fått tildelt gåve:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.