-
Friluftsvenn
Oppstart leksehjelp måndag 29.august.22
Sommarferien nærmar seg slutten og leksehjelpa vår startar opp att måndag 29.august. Leksehjelpa er kvar måndag kl. 17.00 - 19.00. Dørene opnar kl. 16.00. Målgruppa er elevar ved ungdomsskule og vidaregåande skule.Leksehjelp kvar måndag for deg som går på ungdomsskule og vidaregåande skule.
Du går rett frå skulebussen og bort til Grandmo Lagshus i Gaupne.
Først eter me litt mat – du tar med niste og me spanderer drikke og frukt.
Frivillige leksehjelper kjem kl. 17.00 for å hjelpe nettopp deg!
Sjå her: Plakat leksehjelp hausten 2022
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.