-
Friluftsvenn
Seniortreffet startar opp att 1.september.22
Seniortreffet for deg som bur heime startar opp att torsdag 1.september.Me er klare for å starte opp att seniortreffet på Gaupne omsorgssenter, aktivitetsstova.
Målgruppa er deg som bur heime.
Sosialt samvèr, underhaldning, bingo, servering av varm mat og kaffi.
Det blir organisert transport for dei som har behov for dette.
Påmelding pr. telefon 57 68 55 00 innan onsdagen før kl. 13.00.
Kostnad kr. 150,- pr. gong.
Sjå invitasjon: Seniortreff haust 2022
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.