-
Friluftsvenn
Endeleg har me fått bil!
I fleire år har me hatt bil på ynskjelista vår. I haust gjekk dette i oppfylling. Sjå vår flotte varebil!Fleire av våre aktivitetar krever bruk av bil.
Vårt siste samarbeid med SIMAS og bruktbutikken krever jamleg bruk av varebil då me har ein container tilgjengeleg på miljøstasjonen i Gaupne for dei som vil levere møblar/ting til bruktbutikken.
Me takkar Luster Sparebank for økonomisk støtte.
Me vil også takke Gaupne Bilsenter - et bilverksted i Gaupne for å støtte oss med gratis dekkhotell og gratis dekkskift.
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.