-
Friluftsvenn
Juleglede 2025
Det er no mogleg for innbyggjarane i Luster kommune som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, å fylle ut eit enkelt skjema for å ha høve til å motta ei juleglede. Her kan de som foreldre få personlege gåver til barna.«Juleglede» er eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune, Luster Røde Kors, Luster Lions, Nasjonalforeningen for folkehelsa Gaupne helselag, Luster kyrkjelege fellesråd og Luster frivilligsentral som bidreg til at familiar med økonomiske utfordringar skal få tilbod om å ta imot ei julegåve.
Julehøgtida handlar i hovudsak ikkje om materielle ting.
Det handlar om å vere saman med familie, venner og dei ein er glade i.
«Juleglede» kan vere med å bidra til at ein får litt færre bekymringar, at barna får noko dei ynskjer seg, og at jula blir god for alle.
Det er ei høgtid som forsterkar kjenslene våre, både gleder og sorger.
Det kan av ulike årsaker vere ei vanskeleg tid for mange.
Kjøpepress og forventningar kan skape vanskelege tankar for foreldre om å ikkje strekke til, eller at ein ikkje kan gje barna noko dei ynskjer seg til jul.
Me ynskjer å bidra til at alle kan oppleve ei god jul!
Klikk på lenkja for å lese meir om juleglede i Luster:
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.