-
Friluftsvenn
Juleavslutning - FTU Luster Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma
FTU er eit tilbod for utviklingshemma, deira familie, vener og støtteapparat. Gjennom felles aktivitetar, som er tilrettelagde, skapar me ein felles arena for å ha det kjekt saman. Arrangementa føregår første onsdag i månaden. I forkant av kvart arrangement blir det publisert aktivitet og oppmøtestad på NFU Luster lokallag si facebookside.Me spanderer graut med mandel og saft.
Ta med hovudlykt/lommelykt!
Hugs varme klede då det er kaldt om kveldane!
Påmelding til Anita innan tysdag 6.desember tlf 90055328 eller epost anita.kjorlaug@online.no
Lenkje: FTU 7.12.22
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.