-
Friluftsvenn
Barnas trylle/tullekunstnar CHRISS CHRISSELL
Arbeidsgruppa for Juleglede har invitert trylle/tullekunstnaren Chriss Chrissell til Gaupne laurdag 21.januar. Dette er eit gratis arrangement.Arrangementet startar kl. 11.00 i Aulaen på Luster ungdomsskule i Gaupne.
Ta med deg vener og familie!
Etter showet blir det servering og sosialt samvèr!

Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.