-
Sykkelsesongen er slutt
Luster utstyrssentral avsluttar utlån av syklar og sykkelvogner frå 1.november. Syklane blir no reingjort og smurt og satt vekk på lager.
Invitasjon til gratis symjeopplæring
Kurset vil vere for deg som er kvinne (og jenter på ungdomsskulen og eldre). Målet med kurset er å redusere risiko for badeulukker og sikre at deltakarane kan ferdast trygt ved vatn og sjø.Symjekurset startar onsdag 1.februar kl. 19.00 - 20.00. Totalt 5 gonger.
(onsdag 15.februar / onsdag 1.mars / onsdag 15.mars / onsdag 29.mars).
Bindande påmelding snarast med namn, fødselsår og telefonnummer til Luster frivilligsentral:
post@luster.frivilligsentral.no / tlf. 456 65 954
Kurset er gratis og finansiert gjennom pengegåve til Luster frivilligsentral frå NTP - Avery Dennison og King Baudouin Foundation.
Sjå invitasjon her: plakat symjekurs 2023
Del på:
-
Friluftsvenn
Bli med på ein roleg og sosial tur i Gaupne. Me inviterer alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med. Me går saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Me avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Sjå datoar på plakaten.
-
Friluftsvenn
-
LERUM CUP - IL BJØRN DUGNAD
Har du ledig tid og kunne tenkje deg å vere frivillig under Lerum Cup? Ein fin moglegheit til å bli kjent med nye folk og ikkje minst oppleve forballgleda.