Den store klesbyttedagen laurdag 22.april kl. 12.00 - 16.00

Laurdag 22.april vil me i saman med Luster Husflidslag og Hafslo Sewing Shop arrangere "Den store klesbyttedagen" på Pyramiden senter.
Laurdag 22.april vil me i saman med Luster Husflidslag og Hafslo Sewing Shop arrangere "Den store klesbyttedagen" på Pyramiden senter. 
Det vil vere mogleg å levere inn klede og bytte til seg klede.
Samtidig vil det vere fokus på ombruk og reparasjon av klede av "Fiksarlaug" og ukrainske Inna Ushakova som driftar Hafslo Sewing Shop.

Meir informasjon her:

INFORMASJON KLESBYTTEDAG plakat 2023

Kvifor klesbyttedag?
Åtte av ti nordmenn meinar dei har for mykje klede og sko som dei ikkje brukar. Samtidig er mange av oss ikkje klar over kor mykje kleda våre kostar miljøet. Både produksjon og transport er forurensande og krever mykje ressursar. Etter mange år med klesbyttedagar, kilovis av bytta klede og auka merksemd rundt problematikken, ser me at klesbytting har ein reell betydning. I fjor vart det arrangert 230 klesbyttedagar over heile landet. Her fikk rundt 96 000 plagg ny eigar.
Dersom me legg til grunn at alle hadde kjøpt nye plagg i staden for å bytte, bidrog klesbyttedagen i Norge 2022 til å spare over 62 tonn kjemikaliar, 576 tonn CO2 og over 121 millionar liter vatn.
2024 © Luster frivilligsentral